Saturday, 26th November, 2022 @ 10:00 AMSaturday, 26. November, 2022 kl 10:00

Klesbyttemarked

Clothing swap

Details
Detaljer

Innlevering av klede: kl 10 - 12, gymsalen Lilleby skole. Bytting kl 14 - 16

Klesbyttekonseptet er enkelt: Finn fram opp til sju heile og fine plagg frå bakerst i klesskapet 👚🥻👖👕🧥👔👗. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du brukar til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruke (eller kan erstatte ei ny julegåve).

Vi stiller også med nabolagskafé, klokka 14-16. Vi byr på gratis kaffi og te ☕, hugs å ta med eigen fleirbrukskopp!

Etter at du har levert klær til byttemarkedet kan du besøke Julemarkedet i Lademoen Bydelshus 🎄 før du tar turen tilbake til kl 14.

Byt dei gamle klesskattane du ikkje lenger brukar – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparar miljøet! 🌍

Mange av oss har altfor mange klede allereie og samtidig ynskjer vi oss nye 🧺For deg som vil fornye klesskapet eller finne julegaver på ein miljøvenleg måte er byttemarked genialt!

Lever fravokste barneklede og barna komme på skattejakt når byttemarkedet åpner - her vil de garantert finne mykje fint!

Innlevering av klær vil foregå kl 1000 – 1200. Har du barn på Lilleby 🏫? Då vil det bli muligheter for innlevering også fredag 25, info blir sendt ut av skulen.

Klesbytting er eit hyggelig og enkelt miljøtiltak, og gode alternativ til shopping. I tillegg er det eit godt bydelstiltak, kom på kafé og slå av ein drøs 🍰 🫖 💬

Open for handing in clothes 10-12, clothes swap 14 -16

 

Bring up to seven pieces of clothes (childrens, adult), get a ticket and come back between 14 - 16. There will also be a café 14 -16 by pupils and parents at Lilleby school.

 

https://fb.me/e/2RMvRpeiR